Norway/Språksamlingane

From OpenStreetMap Wiki
Jump to navigation Jump to search

Språksamlingane har ei stor breidd av arkivmateriale. Mest relevant for OSM er innsamla stadnamn. Desse stammar frå eit utal ulike initiativ og mindre arkiv opp gjennom åra, i siste omgang frå eit pågåande prosjekt "Språkrådets registreringsverktøy", der lokale organisasjonar har søkt midlar til innsamlingsarbeid og kartfesting.

Lisens

Desse stadnamna er gjort tilgjengelege under CC-BY-4.0, og direkte løyve for bruk i OSM er klarert med dei. (noko vi treng for ODbL).

Eit endringssett kan krediterast "Språksamlingane".

Kor finn eg stadnamna?

Stadnamnportalen er eit tilfelle av "jobbar med saken", og vil vera mogleg å bruka om "nokre månadar".

Inntil vidare er registreringsverktøyet til Språkrådet mogleg å bruka for å visa namna på eit kart.

https://www.edd.uio.no/navneregistrering/aapen/hovedside.html

(per dags dato blir firefox send til ei innloggingside med ei årsaking om at sida ikkje virkar rett. Nokre andre nettlesarar slipp gjennom.)

Mest nyttig av søkjefunksjonane er nok å søkja på kommunenamn.

Kva stadnamn er der?

Mykje toponym, som elles i Noreg, namn på vatn, skjær, dalar, ekrer, osb.

Ikkje alt er relevant for OSM, og eg vil sterkt fråråda ein importliknande arbeidsflyt der "alt" blir ført over. Lokalkunnskap og kjennskap til relevant dialekt er ofte nyttig for å knytta namna til rett objekt i OSM.

Mengda varierer sterkt. Mange kommunar har ingen registrerte stadnamn, mens andre ofte har dei "klumpvis" etter kva intervju som har vore gjort lokalt.